22.06.2011

Italiensk på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, 7. - 10.juli 2011

Møtestad Europa | Hellas, Italia, Estland, Norge
Kva skjer når musikarar frå fire så ulike land som Hellas, Italia, Estland og Norge set i gang eit prosjekt for å utforske kvarandre sine musikktradisjonar? Dei er 13 i alt, og til saman trakterer dei eit 20-tals instrument. Her blir det både feler, trekkspel, lutt, klarinett, song og perkusjon – og mange ulike tradisjonelle sekkepiper! Prosjektet starta med møte og konsertar i Italia, og etter at dei har møttest og arbeidd saman i Førde, går turen til Estland og seinare til Hellas og Italia igjen, der dette saman¬sette ensemblet skal presentere resultat av si felles utforsking av tradisjonsmusikk frå sør og nord i Europa. Professor Tellef Kvifte er leiar for verkstaden musikarane skal ha i Førde.

Frå Italia kjem gruppa Scariolanti; Antonello di Matteo - sekkepipe, klarinett | Daniele Girasoli - tamburin, fiolin, fløyter | RaffaelePinelli - trekkspel
Frå Hellas: Nikolaos Tsanitanis - sekkepiper | Ioannis Pantazis - sekkepipe, perkusjon | Larios Stavros - sekkepiper, perkusjon, fele og lutt| Rerras Georgios - lutt
Frå Estland: Katariin Raska - sekkepiper | ToomasOksdiatonisk - trekkspel | Eeva Lindal - fele,vokal
Frå Norge:Gro Marie Svidal - hardingfele | Liv Ulvik - vokal | Åsmund Reistad - gitar |
Prosjektet er støtta av EU sitt kulturprogram

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden